År
2026
Student
Lene Manhaart
Prosjekt
Samlingen
Tagget
Keramikk, everyday aesthetics, universell utforming
undefined
undefined

Samlinga består av estetiske design for koppar med forskjellige funksjoner meint for å hjelpe folk med nedsette funksjonsevner i henda og armane. Gjennom prosjektet så har eg jobba med mange design basert på utforsking, intervju og diskusjon med fagpersonar innanfor feltet. Til slutt kom eg fram til tre prototypar; Innsving, Blomst og Støtte basert på eigenskapane deira. For å skape desse prototypane har eg også hatt fokus på handbygging av keramisk leire for å holde kvar enkelt ein unik.

Innsving liknar eit keramisk glas som svingar innover på sidene der henda naturleg kviler, og har ein avrunda kant på botnen. Svingane på sidene gjer det enklare å sjå kor man kan holde for best mogleg grep, og botnen er avrunda slik at man kan ha litlefingeren under for ekstra støtte.

Blomst er lågare og svingar utover på toppen som ein blomst, med eit rundt handtak som stikker ut frå koppen. Toppen er utforma slik at koppen kan kvile på handa når ein held rundt han, noko som er nyttig om ein slit med å ha eit sterkt grep. Handtaket kan bli heldt på fleire forskjellige måtar slik at man kan finne grepet som er mest komfortabelt.

Støtte har ein geometrisk form ved at handtaket er firkanta, og sitter tett på koppen. Dette gjer det enklare for heile koppen å henge på handa. Støtte har også ein ring rundt seg på botnen, slik at den er vanskelegare å slå over. Som til dømes om man har ein essensiell tremor.

Sjølv om det berre er tre prototypar som er resultatet for dette prosjektet, finnes det moglegheit for mange fleire design å jobbe med. Eg ville jobbe med universal utforming på denne måten, fordi i dagens samfunn er det tydeleg at ikkje alt blei designa med inkludering i tankane. Koppar kan bli tenkt på som ein liten ting, men det er fortsett noko alle bruker i kvardagen, kvifor ikkje gjere dem meir inkluderande? Om vi tenker slik med andre kvardagslege produkta, hjelper man med at fleire menneske føler seg sett og velkomne.