År
2024
Student
Magnus Folgerø-Holm
Prosjekt
Adapt
Tagget
Gjenbruk, bærekraft, datamaskin
undefined
undefined

Prosjektet tar utgangspunkt i det veksande problemet rundt ee-avfall og systemet rundt det. Fleire vel å kjøpe nytt og oppgradera i staden for å reparera elektronikk når den vert utdatert eller øydelagt. For å betre forstå kva som påverkar denne utviklinga, tar prosjektet utgangspunkt i korleis brukarar, offentlege og kommersielle aktørar tek hand om elektronikk i ulike delar av produktet si levetid. Innsikta var deretter satt inn i kontekst, og presentert gjennom konseptet: “Adapt”.

Adapt er ein skjerm til berbare datamaskinar som er designa for å tilpasse seg. Den kan seljast som eit enkelt produkt eller saman med ein pc. Magnetiske festemekanismar gjer det enkelt å ta skjermen av og på, og ein usb-c kabel sikrar kompatibilitet med dei aller fleste andre maskinar. Ein brett i bak-panelet gjer det også enkelt å tilpasse posisjon og orientering av skjermen ved behov.

Konseptet gjer det enklare for brukarar å oppgradera og erstatte, men legg også opp til betre retur-ordningar for produsenten. Den auka standardiseringa og fokuset på fleire bruksområder gjer det mogleg å selje skjermen som ein berbar datamaskin, men også som eit sjølvstendig produkt. Dette gir auka fleksibilitet for brukar. Dersom ein skjermen knusar, kan brukar enda nytte resten av datamaskinen, og omvendt. Brukar kan også kjøpe enda ein skjerm som reserve eller som ekstra. Dette vil føre til at den delen som varer lengst, vil kunne fortsette å være i bruk lenge etter den andre er utdatert eller øydelagt.

Målet med Adapt er å leggje til rette for enklare erstatning og oppgradering, med mindre belasting for systemet. Fleirtalet av brukarar ynskjer ikkje å reparere datamaskinen sin sjølve, og kjem til å ynskje å oppgradera etter få år når ein nyare og betre versjon kjem på marknaden. Adapt gjer det derfor enklare for brukarar og produsentar å tilpasse seg og endre produktet når den nye teknologien kjem